Det kan se ut som du har skrudd av JavaScript i nettleseren din. Vi har prøvd å tilpasse siden for bruk uten JavaScript, men det vil dessverre resultere i noe redusert funksjonalitet.

Hopp til hovedinnhold

Korleis kan vi nå fram til framtidas lærarar? Kva veit vi om målgruppa, og kva idear og erfaringar har ulike aktørar gjort seg i arbeidet med å rekruttere både fleire og motiverte studentar til lærarutdanningane?

Dette er spørsmål vi tar med oss når Nasjonalt prosjekt for lærerrekruttering inviterer til Kunnskapsprat om lærerrekruttering.

Tid og stad: 8. desember kl 9:00-11:00 på zoom.

Meld deg på, og vi sender deg påloggingsinformasjon i forkant av webinaret.

Det blir ikkje gjort opptak av denne kommunikasjonspraten.

Om arrangementet

Målgruppa for kommunikasjonsprat er tilsette ved lærarutdanningane, kommunikasjonsmedarbeidarar, samarbeidspartnarar og andre som arbeider med lærerrekruttering til ein uformell fagprat om kommunikasjon, marknadsføring og rekruttering.

Du får høyre erfaringar, idear og eksempel frå ulike aktørar som jobbar med å nå framtidige studentar. Vi får også besøk av Opinion, som vil presentere relevante funn frå målgruppeundersøkinga UNG27. Presentasjonen gir oppdatert innsikt i kva som kjenneteiknar dagens ungdomsgenerasjon, kva som påverkar utdanningsvala deira, og kva dette kan bety for arbeidet med lærerrekruttering.

Målet med webinaret er å dele kunnskap, inspirere kvarandre og styrkje grunnlaget for gode rekrutteringstiltak nasjonalt og lokalt for å støtte opp om regjeringa sin rekrutteringsstrategi Flere lærere i barnehage og skole. 

Som førebuingsarbeid til kommunikasjonsprat anbefaler me å sjå filmmateriell som er tilgjengeleg på Bli lærer - YouTube

Program

Deling av idear

Programmet kan bli oppdatert fram mot dagen. 

Inspirasjon til å møte den unge målgruppa